Oddrun er flink og flyr rundt i byen og sjekkar lokale og slikt. Erlend sit heime og freister å ikkje høyrast tilbakeståande ut i telefonen.
«Mårengave – det visste æg ikkje om før for någen år si!», ytra Erlend her om dagen. Det må jo ordnast, det er jo klart. Dette eitt eller anna ligg i ein butikk i ein sentrum og berre ventar på å bli plukka ut og pakka i fint papir. Men når Erlend er sjuk må det nok venta eit par dagar. Vi kryssar alle ekstremitetar og vonar det går bra.
Oddrun har visst i mange år kva morgongåve er. Det var nok ikkje det første ordet ho lærte, men ikkje så langt ifrå. Mora til Oddrun, Ingeborg, brukar si morgongåve kvar dag, og den måtte ikkje øydeleggast. Såleis vart det ordet lært.